Vikaren på plass

 GLER SEG: Foreløpig er pulten tom, men Ingebrigt S. Sørfonn er ikkje redd for at det skal mangla på oppgåver i tida som vikarierande administrasjonsleiar i ImF. (FOTO: VILHELM VIKSØY) Av Vilhelm Viksøy Frå 1. juni er han på lønningslista i ImF, som vikarierande administrasjonsleiar. Men det var inga selvfølge at den tidlegare ImF-formannen og […]

  
GLER SEG: Foreløpig er pulten tom, men Ingebrigt S. Sørfonn er ikkje redd for at det skal mangla på oppgåver i tida som vikarierande administrasjonsleiar i ImF. (FOTO: VILHELM VIKSØY)

Av Vilhelm Viksøy

Frå 1. juni er han på lønningslista i ImF, som vikarierande administrasjonsleiar. Men det var inga selvfølge at den tidlegare ImF-formannen og mangeårige stortingsmannen skulle hamna i den midlertidig ledige stolen.

– Eg trengte litt tid før eg sa ja, men det vart til slutt kombinasjonen av arbeidsoppgåvene og at dette er eit avgrensa vikariat som gjorde utslaget, seier Sørfonn.
– For å bruka bedehusspråket: eg kjente på ein trygghet ved å svara ja.

Varierte oppgåver
Etter sin fyrste dag på kontoret har han ikkje full oversikt over kva som ventar, men det han har sett, gjev meirsmak.
– Stillinga inneber mange og varierte oppgåver, alt frå forvaltning av eigedom til koordineringsansvar for dei store stemna. Det er eit bredt saksfelt, der eg får brukt mykje av mitt fagfelt i ein organisasjon eg kjenner godt og er glad i, seier Sørfonn.

Denne kjennskapen har han mellom anna med seg frå eit langt liv i det lokale bedehuset på Fitjar, men også frå dei åtte åra som formann i hovudstyret i ImF frå 1995-2003. Denne erfaringa gjev både pluss og minus i bagasjen i ny-jobben.
– Det positive er at eg kjenner organisasjonen, kulturen og folket. Samstundes kan det vera ei utfordring at eg har ei anna rolle enn før. Men det er ikkje den tidlegare formannen som er tilsett, men det er Ingebrigt, seier Ingebrigt S. Sørfonn.

Mørkemann
For å understreka si identitet til indremisjonen og bedehuset, har han ofte karakterisert seg sjølv som «den personifiserte mørkemannsrørsla». Det gjer han i fullt alvor, med eit smil om munnen.
– Eg er stolt over samanhengen eg har vakse opp i og høyrer til i. Eg er så typisk bedehusmann som det går an å bli, seier han og erkjenner at biletet ute blant folk kan vera langt mørkare enn sant er

– Ja, det er nok mange fordommar mot oss, men eg synes det er mykje betre å flagga seg sjølv som «mørkemann» enn å prøva og diskutera seg vekk frå uttrykket. For meg representerer bedehuset «trygghet, raushet og åpenhet», seier Sørfonn, som har sterk tru på framtida til organisasjonen.

Positiv utvikling
– Eg var med på store positive endringar dei åra eg var formann. Me skifta namn frå DVI til ImF, som på mange måtar var meir enn berre ei namneendring. Eg gler meg over ei utviklinga der organisasjonen har greidde å orientera seg ut frå si tid – utan å avstå frå grunnlaget me er tufta på. Den utviklinga har halde fram, seier Sørfonn.

– ImF er ein 112-åring som langt frå er nokon fossil. Denne organisasjonen er liv laga, seier han. Hovudgrunnen til optimismen skuldas den flate strukturen Forbundet har.
– Me er ein organisasjon som er basert på arbeidet i dei lokale foreiningane og forsamlingane. Det gir oss ein bredde i arbeidet og eit engasjement frå botnen av. Så lenge dette drivet er der, lever organisasjonen.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.